Fylkesveg 55 over Sognefjellet vart opna for trafikk mellom Rustasætre og Sognefjellshytta for ein månad sidan, etter å ha vore vinterstengd.

Innlandet fylkeskommune opplyser torsdag at heile fjellovergangen vil bli opna for trafikk klokka 12 fredag denne veka.

– Dei to fyrste vekene blir vegen stengd mellom klokka 20.00 og 08.00, ved Huldehaug i vest og ved Rustasætre i aust, opplyser fylkeskommunen.

Det blir tilrådd å bruke vinterdekk på fjellovergangen.