av Terje Kleiven, Lalm

Eg ser for meg eit bilde. Ei palestinsk jente – 10-12 år – som sit på ein stein og viser v-tegn med båe hendene. Bak ser vi ruinar, ei slagmark. Dette er Gaza 2024. Eit område så sort som knapt 1/3 del av Vågå, med vel 2 millionar innbyggjarar.

Sjå for deg 2 mill. etter dalføre frå Åsårbrue åt Garmo. Inngjerda. Einaste tilkomsten er over Slådalen. Viss nokon i det heile slepp gjennom. Dette er Gaza. I meir enn 200 dagar har dette området vore utsett for bombing, dag som natt. Som i all krig er det dei uskyldige, sivile det går mest utover. Men det er ikkje berre bomber og artilleri som drep. Som følgje av israelsk blokade manglar folket på Gazastripa vatn, mat, drivstoff og medisinar. Sjukhus og infrastruktur blir rasert, bomba, lagt i grus.

· Minst 34.000 personar, først og fremst sivile, er drepne av dei israelske styrkane på Gaza.

· 70.000 er skada, like mange som det er folk i heile Gudbrandsdalen.

· 10.000 menneskjer er sakna. Mange av dei ligg begravd under nedbomba og øydelagde hus og bygningar.

· Meir enn 500.000 menneskjer i det nordlege Gaza er okkupert av israelske styrkar. Israel nektar FN og WHO å levere livsnødvendig hjelp.

· Ifølgje FN ligg det 37 mill. tonn vrakrestar og ammunisjon som ikkje har eksplodert; i eit tett befolka område.

Desse tala blir større for kvar dag, kvar time.

Kva gjer verdssamfunnet? Kva gjer Norge? Utover å prate? Utover å beklage? Utover å «henstille»? Utover forsøk på diplomati?

- USA har gjennomført meir enn 100 ulike våpensalg til Israel sidan krigen på Gaza starta. Har Norge nokon gong kritisert USA?

- Det norske oljefondet eig aksjar for milliardar av kroner i fleire av dei amerikanske våpenselskapa som sel våpen til Israel. Har Norge gjort noko med dette?

- Når skal Norges utanriksminister kalle Israels ambassadør inn på teppet og fordømme dette som meir og meir ser ut som eit bevisst folkemord?

- Når kjem det sanksjonar. (slik som når det gjeld Ukraina)

- Når skal vi anerkjenne Palestina som stat. Slik som 138 andre land har gjort, slik som m.a. Sverige.

Det er grunn til å stille desse spørsmåla. Og det er grunn til å krevje svar.

Om nokre dagar stiller vi gladeleg opp i Eurovisjon i Malmø, ved sida av Israel. Modigare er vi ikkje!