av Jarleif Ellingbø

Tenk deg at du plutseleg får beskjed om å flytte frå den trygge heimen din der du har budd i over 20 år. Du får frist på ein månad. Det var slik bebuarane på brannstasjonen opplevde det da brevet frå Skjåk kommune dukka opp i postkassa.

Bak brevet står altså Skjåk kommune. Det er den same kommunen som snakkar varmt om openheit, dialog, godt omdømme og bulyst.

For bebuarane på brannstasjonen vart det trygge tilveret brått og brutalt snudd på hovudet. Framtida vart usikker og vanskeleg. Det har ført til mykje bekymring og mange søvnlause netter.

I langt over 20 år har dei budd her, og dei såg nok for seg dette som heimen sin i lang tid framover.

Bebuarane på brannstasjonen har alle store utfordringar både fysisk og psykisk. Men desse leiligheitene og den sosiale settinga har fungert optimalt for alle dei 3 bebuarane her.

Men no vil Skjåk kommune det annleis. To av dei må forlate heimane sine og etablere seg på nytt. Det sosiale fellsskapet blir reve opp. Framtida blir usikker og utrygg for dei alle tre.

Skjåk kommune kan sikkert gjere dette med lova i hand, men medenneskeleg og moralsk rett er det så absolutt ikkje.

Skjåk kommune held openheit og dialog som viktige ideal. Det rimar heller dårleg med breva som brått dukka opp på brannstasjonen. I utgangspunktet med stutte fristar. Det rimar òg dårleg med at få/ingen av kommunepolitikarane kjende til saka!

Kommunedirektøren er ansvarleg for omdømmestrategien som er utarbeidd i Skjåk kommune. Skjåk kommune ynskjer at vi alle framsnakkar kommunen vår. No skjer det paradoksale at det er nettopp kommunedirektøren og hans stab som riv ned omdømmet til Skjåk. Eg klarar i alle fall ikkje å framsnakke Skjåk, når kommunen kan gjere dette mot dei svakaste blant oss.

Saka har etterkvart vorte eit samtaleemne ute i bygda, og forståelsen er liten og irritasjonen er stor.

Så eg ber Skjåk kommune:

STOPP dette prosjektet på brannstasjonen.

STOPP så bebuarane på brannstasjonen slepp denne belastninga.

STOPP før omdømmet til Skjåk kommune blir øydelagd.